
Nasjonal konferanse om framtidas mineralnæring
Den nasjonale konferansen for framtidas mineralnæring 2026 går av stabelen 9.–10. april 2026 på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.
Hub for Minerals med partnarar inviterer til årets viktigaste møteplass for alle som er interesserte i mineralnæringa si utvikling framover; frå geopolitiske rammer til teknologi, innovasjon, berekraft og lokale ringverknadar.
Vi er stolte over å kunngjere at næringsminister Cecilie Myrseth er blant hovudinnleiarane. Ho vil setje den norske mineralstrategien inn i ein større internasjonal kontekst, men også seie noko om korleis den set retning for teknologisk innovasjon og verdiskaping i Noreg.
Frå geopolitikk til lokal verdiskaping
På konferansen skal vi utforske dei store geopolitiske utviklingstrekka i Europa og Norden, i tillegg til at vi skal sette fokus på den nasjonale mineralstrategien framover. Det vert lansering av den ferske nærings- og ringverknadsanalysen for mineralnæringa i Sunnfjord, og vi skal få innblikk i kva som skjer av teknologisk utvikling og innovasjonar.
“Nasjonalt er det ein politisk ambisjon å utvikle ei framtidsretta norsk mineralnæring, og Stortinget har peikt på Hub for Minerals som ein viktig arena for å utvikle ny kompetanse og utdanningsløp, ny forskning og innovasjon. Vi er difor svært nøgde med at næringsministeren kjem til konferansen. No jobbar vi med å få på plass fleire internasjonale og nasjonale innleiarar frå europeiske fagmiljø, norsk næringsliv, forskingsfronten og næringslivet. Vi gler oss til å ønske velkomen til to innhaldsrike dagar i Førde”, seier Gunhild Berge Stang, styreleiar i Hub for Minerals.
Vestland vil ta leiarskap
Konferansen vert arrangert av Hub for Minerals i samarbeid med Sunnfjord kommune, Grøn Region Vestland, NHO og LO.
Programmet vil blant anna belyse:
- Geopolitiske utviklingstrekk og behovet for kritiske mineral
- EU si råvaredirektivpakke (CRMA) og konsekvensar for Norden og Noreg
- Framtidas mineraløkonomi – verdikjeder, teknologi og kapitalmarknad
- Lokal aksept, ringverknader og samfunnsutvikling
- Innovasjon i mineralnæringa: nye løysingar over og under bakken
“Saman med Hub for Minerals ønsker vi i Grøn Region Vestland å bidra til å skape ein nasjonal arena for kunnskapsdeling, dialog og retning for ei moderne og ansvarleg mineralnæring. For dei grøne hubane i Vestland handlar dette om å sikre framtidas industriarbeidsplassar, lokal verdiskaping og gode prosessar i dei samfunna der minerala vert utvunne i vår region”, seier prosjektleiar Tor Martin Misund i Grøn Region Vestland.
Meir informasjon om konferansen
Dato: 9.–10. april 2026
Stad: Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Format: Frå lunsj til lunsj
Påmelding: Link kjem – følg med på denne sida og sosiale medier!
Hald av datoen – dette blir ein viktig møteplass for politiske leiarar, industri, forsking og samfunnsaktørar som saman kan bidra til å forme framtidas mineralnæring.